Flotte treningsforhold på Vik Skisenter!

Foto: Facbook juniorlandslaget

Sommarsesongen er i full gang på Vik Skisenter. Mangle lag og grupper ynskjer å legga sesongstarten til Vik. På Vik Skisenter får dei perfekte treningsforhold rett utanfor døra og det er ikkje langt til dei flotte løypene våre på Vikafjellet.

Team Statkraft Hordaland og juniorlandslaga i skiskyting har allereie vore på Vik Skisenter i mai. Junior damene var strålande fornøgd med opphaldet og kjem attende til neste år.

I juni kjem Team Leksvik, rekruttlandslaget i skiskyting og Birkenes. Team Statkraft Hordaland stortrivst på Vik Skisenter og kjem attende allereie i juni.

Team Statkraft Trondheim kjem første veka i juli.

Etter sommarferien kjem Sogn og Fjordane Skikrins og Ål Skiskyttarlag. Det blir arrangert jentesamling i skiskyting for utøvarar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Team Statkraft Hordaland kjem nok ein gong til Vik Skisenter for å trene teknikk saman med Audun Svartdal.

Ynskjer du også å legga samlinga til Vik Skisenter, ta kontakt med Asbjørn Hønsi, tlf xxx eller send førespurnad gjennom booking for